Handelslaget
Hovedside
meny
selskap
konferanse
arrangement
kontakt


OPNINGSTIDER

Tirs.-tors.: Kl. 13:00 - 22:00

Fre.: 13:00 - 22:00

Lør.: 13:00 - 01:30

Søn.: 13:00 - 22:00


Me serverer

pizza og à la carte

torsdag er fast komledag og søndag serverer me òg dagens

alle rettigheter

 


Overnatting

Mulighet for å leige leilighet med 2 soverom.


I den naturskjøne bygda Strandvik,  ligg Handelslaget ved sjøen med flott utsikt over Bjørnefjorden og Kvinnheradfjella.

Handelslaget har vore butikk frå ca. 1920 til 1998, og vart i 2002 restaurert og oppussa til ein lys og triveleg restaurant.

Her serverer vi pizza og middag frå à la carte meny. Vi lagar mat til barnedåp, konfirmasjon, fødselsdag, julebord, blåtur, minnestund m.m. Det er òg mulig å arrangera møter for lag og organisasjonar.

 


 

Du kan reisa til Handelslaget med bil, båt eller buss. Vegen er kort til moderne båthamn med gjesteplassar.

Utsikt

 


Du kan òg ta turen til fots frå Fusa over den gamle postvegen til Strandvik, og få ei flott naturoppleving før måltidet. Det er òg mange andre flotte turvegar i området t.d. til Haugsåsen, Kletten, Nylandsfjellet.

 

Utsikt frå Nylandsfjellet

 


 

Vi har utstilling og sal av akvarell og maleri, laga av lokale kunstnarar.